onsdag 27. januar 2010

Ting skjer

Oi, gløyme heilt å oppdatera bloggen.


Det skjer litt med leiligheta no:) T er superflink og har i dag knust 30% av flisene på badet. Etter hard jobbing har lagt strak ut på sofaen og er heilt utslitt. Stakkaren T er rista ihjel av slagboren og skjelv fortsatt.




I morgon kjem rørleggar på besøk og me er enedeleg skikkelig i gang med oppussinga. Det blir spennande å sjå om me klara å halda budsjettet, om det er noko som kan sprenga det heilt så er det definitivt rørleggaren som har skulda. Flisemannen kjem andre veka i februar, og me har funne nye folk som kan flytta inn her me bur no. Ting fell sakte på plass og det kjennes deilig.




Klokka fem har me time på Kvik og eg er spent på om me får tegna noko skikkelig fint. Håpa me får tips om farge til flis for eg er fortsatt usikker der. No tenke eg litt på 2x2 flis i beige/kremfarge.. Mest er er spent på forslag til kjøkken, sidan me er berika med 260 under taket så lura me på å ha skap heilt opp. Men det kan bli for voldsomt

Superenkelt aprikossyltetøy:

Ha to poser med tørka aprikoser i ei panne og dekk dei med vatn, kok møre. Dette tar litt tid, sånn omtrent ein dagsrevy. Etterfyll med vatn om det dampar vekk. Kjør dei til mos med stavmiksar. Litt limeskall og saft for litt friskhet. Ein treng ikkje å tilsetta sukker for dei er søte nok i seg sjølv. Detta skal eg ha på frukostblandinga i morgon.


Ellers så heng det ein diger gul Bumlinglampe i ein antikvitetsbutikk nede i sentrum. Den vil nok passa fint på kjøkkenet. Men den er sikkert seld no.. og sikkert for dyr.


Eg har hatt lyst på vafle sidan søndag. Herlighet.





Men eg burde heller eta sånn:






torsdag 21. januar 2010

Huttetu

Heima, der som eg kjem ifrå, er det ikkje så mange andre som bur. Med andre ord så vaks eg opp utan så mange naboar. Det var kjøretur til næraste venn, eller ein utruleg lang sykkeltur. Eg har forhåpentlegvis ikkje tatt så stor skade av det, for det var jo nok av ting å bedriva tida med.

Eit av mine tidsfordriv var å lesa bøker. Masse bøker og ofte bøker som ingen andre hadde hørt om. Grunnen til min ubegrensa tilgang på bøker var den O'store bokbåten Epos. Epos er eit stort skattekammer, nemleg eit flytande bibliotek. Ikkje alle hadde tid til å besøka båten den dagen den var på besøk. Så i kjellaren heima hjå mamma og pappa sto det kassar med bøker som folk kunne låna om dei ikkje fekk lånt på båten. For meg var det berre å springa ned i kjellaren og finna nye bøker når dei gamle var utlest. Spenninga er der fortsatt, når eg er heima kan eg snika meg ned til bokkassen og leita fram nye eventyr.

Her kan de lesa om fenomenet Epos: http://www.bokbaten.no/

Eg kryssa fingrane for at båten kan segla vidare rundt på besøk til folk. For ikkje lenge sidan var det snakk om å legga ned båten. Heldigvis vart den redda av fleire eldsjeler, deriblandt fint folk frå bydn (Bergen). Om dei har brukt for båten er jo ei anna sak. Men båten vart redda og kjem fortsatt på besøk til dei forlatte fjordane her på vestlandet.

Som sagt før så er mange av bøkene som vart lest bøker som få har hørt om. Inntil no trudde eg at ei av favorittbøkene mine berre var noko sært valgt ut av bibliotekaren. Men no er den blitt film! Boka er sjølvsagt om helten min Max og reisa til Huttetuenes land. Eller på engelsk Where the wild things are. Boka er oversatt av sjølvaste Anne Cath. Vestly, originalt skrive og illustrert av Maurice Sendak. Eg huska eg var så redd for boka at eg nesten ikkje tørte å opna ho. Dei kunne jo hoppa ut og ta meg. Men herlighet for ei spennade bok! Eg ramla over traileren rett før jul ein gong og smelta heilt. Hadde nesten gløymt hele boka og vart kjempeoverraska. Fyttigrisen for ein fin film, berre lyset er nydeleg. Premiera er plutseleg, altså den 22. januar. No til helga:)

Trailer finn de her:

http://wwws.no.warnerbros.com/wherethewildthingsare/

Fine filmen, eg gler meg sånn. Håpa berre eg finn nokon som vil vera med;)

Lita oppdatering på Prosjektet:

Badet er nesten ferdig planlagt, rørleggar er kontakta og anbud er mottatt. Flisleggar er i dialog, og jobba med eit prisoverslag. Eller så mangla me elekrikar, men det er lagt ut ein forespørsel på mittanbud.no og me håpa på plutselig napp. Til helga skal me knusa flisene. Kommande torsdag skal me på Kvik og tegna bad pluss kjøkken. Til no ser det ut at budsjettet er i balanse, men for det me veit kan det bli langt dyrare. Huff.

Det som me slit med er kva fargar me skal velga på flisene!? Det blir eit eller anna grått på golvet og eit eller anna lyst på veggane. Men så er det form, tekstur, materiale og tusen andre ting ein må tenka på. Egentlig så hadde eg tenkt meg matte fliser, ala Zen-feeling. Men matte fliser er visst vanskelegare å halda reine. Kven veit, men dei ser fine ut. Det same gjer mosaikkfliser og ikkje minst sånne fine tyrkiske fliser med blått mønster. Om ein berre fekk tak i det.

Skrekken er at det ikkje blir fint i det heile! Tørr ein stola på sin eigen smak eller kan det bli katastrofe? Tenk så pinlig om ein bruka masse penga på badet og så blir det heilt kræsj.

Eg kjenne eit marerittpotensiale her ja.

Kjøkkenet derimot trur eg blir supert. Mr Kitchen Aid redda situasjonen uansett.

onsdag 20. januar 2010

Snart natt

Måtte berre slenga innpå eit par bilde av pusen som inspiserer vedsekken frå Pappa. Tidligare kraftforsekk, no vedsekk.




Pusen som snik seg inn...

Ser forsiktig ut.


Smila litt til kamera:)
Denne her hadde me til middag, pai med spinat, skinke og feta. Nammenammm




Og mango/banan/melon sshmooti til dessert. "Den mangla berre gin" som T klarte å sei, eg helt heller ein knapp på Bacardi. Juletresmak passa ikkje sammen med sommarsmaken.

I morgo kjem da nokon fleire på visning, og til helga skal eg bestemme meg for kven den heldige overtakaren blir.

Men eg må berre sei: fyttigrisen så amatøraktig dette her er. Til helga skal eg ta meg tida til å knekka bloggkoden.

tirsdag 19. januar 2010

Ting fell sakte på plass

I dag hadde me besøk av røyrleggar. Eller T hadde besøk av røyrleggar, eg var jo sjølvsagt på jobb. Så han veit meir enn meg korleis tinga ligg. Me er i kontakt med flisleggar so no mangla me berre elektrikar so kan me starta med badet:) Tjohei.





Om me får folk inn til 1 mars så er ting litt i rute. Sidan me har betalt husleiga på forskudd så slepp me husleige for februar, eg ser mulighet for frisør. Det skal bli deilig, håret er forferdelig tørt og fargelaust. Rett og slett litt trist.





Tapet er bestilt frå https://www.scandinaviandesigncenter.com/ flott sak frå Ferm Living. Håpa det blir bra. Ein er jo ikkje sikker før tapeten er på veggen og då er det vel litt for seint. Men tapetprøven var vertfall fin.

http://www.ferm-living.com/wallpaper/family-tree-blue

Fin stol og, faktisk så er golvet under golvbelegget i samme brunfargen. Det kan bli fint ja.

mandag 18. januar 2010

Nye inn pliz.

Grunna bindingstid til leiligheta me bur i no, så må me sjølv finna nokon nye som kan flytta inn før me får flytta. Nye inn, me er fri. Flott og lett kan ein tenka, ikkje noko problem å finna nokon nye her i ein by som Bergen. Nåja. Fyrst prøvde me med ei lita annonse på hybel.no, for der er det jo nemli gratis. Responsen var laben og eg har gått med hjarte i halsen ei god tid no. Tenk om me ikkje finn nokon? Kva gjer me då? Me har ikkje penga til å betjena ei ekstra leilighet. Lørdagen tok eg spranget og la ut noko på finn.no.

Her kan de sjå:

http://www.finn.no/finn/realestate/object?finnkode=20566190&sid=xz10jceK5YSV412840

Bilda er skikkelig jalla, men det var ikkje så lett å ta fine bilder i ei lita leilighet med eit heller dårlig kompaktkamera.

Responsen har vore enorm. Søndags kveld hadde eg ti mail i inboksen min, og i dag hadde me visning. I alt tre personar har vore innom, pluss at fleire har ringt og sendt mail. Det blir ei ny visning på torsdag. Flott for oss.

Så no blir det faktisk me som kan velga. Kritera går mest på kortid folk kan flytta inn. For oss er det ønskeleg rundt den 1. mars. Då håpa me at badet er ferdig. Høhø..

I morgo kjem røyleggaren på besøk, det blir spennande å høyra kva prisen blir.

Det var visst litt action i heimen i dag:

Pus den Mjuke hadde eit meir eller mindre ufrivillig besøk av ein lettare forskremt liten pus i dag. Trond fann ein pjuskete liten pus på trappa og den vart tatt med inn i varmen. Stakkars liten tenkte han. Men dette likte sjefen dårlig. Det vart knurring og slossing frå fyrste stund. Heldigvis fann me eigarane kjapt. Det var pikene under sin... men Pus den Mjuke har ikkje heilt komt over besøket og er fortsatt lettare fornærma.

Ellers så har Montèr 30% på maling.

søndag 17. januar 2010

Kjøkken.

Det var egentlig badet som skulle prioriterast fyrst, så skulle me ta resten etter. Men i dag dreia det meste seg om kjøkken. Det var klart for Kvänum sin store kjøkkensøndag. Kun for inspirasjon, ikkje som plan for kjøp.

Kjøkkenet ligg litt bittelitt over budsjettet ja, men oioi så mykje fint. For ein pensjonert restaurantkokk vart dette litt av ei draumeverd. Tenk ein gammal Aga i mørk lilla eller eit stort svart Smeg kjøleskap? Eller eit retrokjøkken? Dei hadde tilogmed dampkokar og minimodell av stimovnane som me hadde på Aroma. Bittesmå hullbakker, mini gassgrill og induksjonswok. Kanskje det ikkje var så mini, men smått samanlikna med kva ein har på eit restaurantkjøkken. Sjølsagt er det jo tilpassa for heimebruk Kjekt å ha og ikkje minst flott å sjå på:) Og svindyrt. Men dei hadde fantastisk eplejuice.

Me fekk mykje inspirasjon, men trur nok det vert eit eller anna frå Kvik eller Ikea. Det ligg meir på vårt prisnivå.

Eller så syns eg svenskane er gode på interiør og heim. Mykje bra her vertfall:

http://www.koksportalen.se/

Dette her kjøkkenet er fint, det er frå Kvänum sin retrokolleksjon. Bildet ligg på köksportalen, men er nok henta frå Kvänum.




I morgo skal me ha visning her som me leige no, håpet er at me får nokon inn her så fort som mulig. Helst 1 mars. Men badet må jo bli ferdig før me får flytta inn i Falsens så logistikken må klaffa rett og slett.

lørdag 16. januar 2010

Planen

Så kva skal me gjera, kva er planen og korleis går me fram? Nei sei det, ikkje veit eg. Men T sei han har gjort dette før, so han veit. Han har visst hjulpe til hjå kompisane sine når dei har pussa opp. Det eg trur er at han ikkje har ordna noko av det praktiske, formelle. Det er tusenvis av papir ein må lesa, mange lovar ein skal setta seg inn i og stilretning som skal velgast. Så inn i mitt hovud er det masse spørsmål, eg er rett og sett litt oppussingsforvirra.







Kven skal gjera rørleggararbeidet og det elektriske og kven skal legga membran? Kor mykje kan me gjera sjølv? Korleis set ein opp ein vedovn? Kan ein mala rett på? Vifte på badet, korleis set ein opp det forresten? Og mange andre finurlege spørsmål. Det viktigaste skal visst vera god planlegging? Men korleis skal ein planlegga når ein ikkje veit kva som skal planleggast?







Men dette er planløysinga:



No skal me kjøpa pizza og stikka opp i leiligheta for å ta alle mål. I morgo skal me på Känum Kjøkkensøndag i sentrum for å få tips. Det er eit kjøkken som kosta like mykje som heile budsjettet vårt for Prosjektet men kva gjer ein ikkje for litt gratis mat og inspirasjon?

Snart tilbake:)

fredag 15. januar 2010

Då er Prosjektet i gang...

Overtagelsesprotokoll er underskrive og nøklane er mottat. Og det var verkeleg nøklar i fleirtall, dama gav meg ei heil hand. 5 par til ytterdørene, ellers diverse nøkla til bod, sikringsskap, postkassa m.fl. Mulig me treng med eit nøkkelskap.



Det er ein liten plan om å blogga om Prosjektet for å visa framgong i prosessen. Men om det kjem til å henda er jo ein anna tanke. Kanskje blir det lita tid eller at tida blir prioritert til andre ting.



Oppussingsplan:



... ikkje heilt avklart endå.... men kjem seinare;)



Rekkefølge:



- Bad

- Kjøkken

- Soverom

- Gjesterom

- Stova



Egentlig så har T lyst å gjera alt samtidig. Det trur eg blir vanskeleg. Men badet er vertfall fyrst på lista. Me må ha bad i orden før me flytta inn, ellers så er det kjekt med eit ferdig kjøkken før me sei frå oss Sv.veien. Eg er ikkje så gira på mikromatmaraton.



Pus søv seg gjennom alt.