fredag 1. oktober 2010

Det er helg

Om de ikkje har fått det med dykk; det er altso helg. For oss betyr helg meir tid til samanhengande oppussing. Jippi.. not.

Kanskje kan me snika oss til eit kafebesøk, slappa av mens folk går forbi og kaffien er varm. Det er meldt regn i helga, så hausten kjem nok for fullt. Etter kva eg har hørt er det etterdønningar frå ein eller anna orkan ved navn Igor som kjem på besøk.

Det er egentlig lika greit at det er stygt ver, så slepp ein ha dårleg samvitighet for at ein er inne og pussar opp.

Det er det gjesterommet då. Heilsparkling + pussing = pussestøv.

Kan ein få gipslunge? Endar me opp med kols etter dette? Bekymringane snik seg på.

På gjesterommet har me fjerna tapet, pussa ein gong, grovsparkla, pussa, støvsugd, heilsparkla, pussa, sparkla igjen. Og no ser eg at visse plassa ikkje blir så bra. Irriterande.

Mitt forslag er å kjøpa IKEA sin Maskros, i liten storleik. Slik får me fine skuggar på veggane og i taket, då kjem ingen til å sjå at sparklinga er ikkje er perfekt.

Eg vil avslutta med eit lurespørsmål frå T etter at han har skrapa og sparkla taket for n'te gong:

"Kor mykje skjula malinga egentlig?"