mandag 30. august 2010

Oppmuntring!

Litt slappe her.  Men i dag er vindusposten på kjøkkenet malt ferdig. Det går fint an å skrapa malinga forsiktig av pakninga der eg har vore litt kjapp med kosten. Sådeså.

Tenkt sånn var kjøkkenet:




... det er fantastisk å ha eit velfungerande kjøkken !!

søndag 29. august 2010

Ble du blenda nå?

Denne her fyren her er så irriterande at det kunne vore Tøffe T. Hihi


... hadde me berre vunne bittelitt på flax. Det er nok med 20.000

onsdag 25. august 2010

søndag 22. august 2010

OMG!!

På finn.no ramla eg over denne skatten av ein villa med ei fantastisk samling av retrotapet:


Enjoy!

Me har ein sabotør i heimen

Kloring på veggfornyaren kan me heldigvis dekka med ei list...






.......................men denne vinduskarmen må me mala på nytt.



Kva er det med Pus? Må  dei sabotera?

onsdag 18. august 2010

Kjøkken !

Det er vanskeleg å ta bilder av eit kjøkken på knappe 10 kvm og utan spesielt stor vidvinkel. Skulle hatt eit slikt meglerkamera som klara å få alt med på bilda.

Men eg har gjort eit lite forsøk.


Koketoppen: den er induksjon (!). Det heilt fantastisk, ante ikkje kor kjapp den var før me fekk den.

Frå ein anna vikel. Me skal legga flis over benkeplata. Holet skal dekkast..

Eit eige skap for te og kaffi. ;)


Knivskuff. Det må ein jo ha.








Skap med ovn, legg merke til døra. Den er sikkert frå då leiligheta var ny, fin dør med vindauga i. Den skal me sjølvsagt behalda. Døra er kun 68cm brei, men heldigvis fekk me alle kvitevarene inn.

Kildesortering! Det fungera ikkje heilt då skuffa er lita og slangen bak kjem litt inn. Men plast og restavfall går greit, og  papir samla me ein annan plass.

Me er ganske nøgde med kjøkkenet. Det vart ikkje så mørkt som me hadde frykta. Når flisene kjem opp og vindauga blir malt så trur eg det blir ein større heilhet.

Ein anna ting er at benkeplata har begynt å bule... allerede!! Me har snakka med IKEA og skal senda mail med bilder til Benkeplateavdelinga. Det er kjedelig det...

tirsdag 17. august 2010

Hei sveis!

Ei lita oppdatering!
Det skjer egentlig ganske lite her hjå oss. Me har hatt oppussingsfri no i sommar. Gløden har liksom forsvunne litt no når me har fått på plass kjøkken og bad. Då blir det ikkje så farlig med resten. Det blir fort lett å tenka at me klara jo oss fint sånn som me har det. Men no burde me få igang hjula igjen. Det ser jo egentlig ikkje ut her heller. Så no burde ting begynna å skje igjen. Om ein går på besøk til folk så ser ein plutseleg kor rotete og stygt det er her. Me  går jo opp i alt hele tida, og blir litt blind for tinga si tilstand.
 
Eg slenge inn litt bilder (dei er tatt med mobilen for eg har rota vekk usb-kabelen til kamera):
 
Badet (det har de jo sett før, men me er jo som sagt nøgd med det): Og no har eg kjøpt nytt bosspann som de kan skimta i bakgrunnen:
 

Her ser de skohylla vår, eller skokaoset. Ispedd litt ymse greier, me kan nevna vase, tennisball, støvsugar, liggeunderlag og paraply. Det ser ut som at det kun er mine sko som ligg der, men under mine ligg Trond sine. Han har faktisk fleire par enn meg, og er ganske godt representert.


For å komma tilbake i oppussingsmodus så har eg laga lista over tinga som gjenstår.



Det er berre å velga seg ut noko som ser kjekt ut, velkommen skal de vera.

Så den gamle lista som heng i gangen kan me kasta. Den over er jo mykje meir rydding og oversiktleg.

Den gamle var vel mest sjarmerande.

Så var det desse bildene av kjøkkenet som eg har lova så mange gongaR. På kameraet ligg dei, og ut får eg dei ikkje fordi kabelen er vekke. No er det litt rotete her så eg tør ikkje legga ut noko bilder der ikkje alt er strøkent. Haha.


torsdag 12. august 2010

Hurra!

Trond har fått fast jobb i BIR! Dette vart feira med fantastisk kake i bakhagen hjå Molier. Nydelig
Published with Blogger-droid v1.5

søndag 8. august 2010

virus på tiltakslysta

det er mykje me sku ha gjort.. me får ta det etterpå

Published with Blogger-droid v1.4.9

fredag 6. august 2010

Som ein sår får ein hausta

Tomat på veg! Agurkane er ei trist skue. Eg ana ikkje kvifor dei sutra. Mulig det er mangel på koseprat, eller så er dei sjalu på dei flotte tomatane...

Published with Blogger-droid v1.4.9