søndag 19. september 2010

Sofa og deadline.

Eg har jo heilt glømt å sei at me har bestilt sofa! Nyheten har jo blitt lufta på fb og jobben, men ikkje her. Me bestemte oss for Seville frå Bolia, i multi grey. Ein lys grå farge som eg trur går til det meste.



Denne her modellen.


I denne fargen.
Eg likar løysinga med to bord, eit rundt og eit firkanta. Kankje blir det noko sånt. Men mest vil eg finna eit lite teakbord på loppis. 


Sofaen blir levert den 13. oktober. Kor smart er det? Det er jo mindre enn fire veker til, tre helger, og litt for mange arbeidsdagar til. Me har jo ikkje starta på stova ein gong..



Bilda er henta frå Bolia.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar