mandag 26. april 2010

Sovedyr

Eg skulle berre ta meg ein liten lur etter middag...



.. åtte klarte eg å opna augene!!


Det var som om eg hadde lim på augene og puta drog meg inn i draumeverda.

Så lite oppussing er utført i dag.

søndag 25. april 2010

Eit litermål for kjeminørden

Onsdag tikka det inn ei melding frå søskenbarnet mitt som sa det her:

"Vil du være med på loppis i helgen? Det er et på Minde visstnok"

Sjølvsagt ville eg det! Eg kan jo ikkje sei nei til noko sånt. Og når ein itillegg får litt kvalitetstid saman med fine S. Det er jo supert.

Såh, kva fann me?  Ingenting egentlig, det var ganske masse folk og litt for kaotisk. Me hadde egentlig tenkt til å gå då eg tok ein runde til i lokalet.

Midt på bordet blandt vasar, stettglas og anna stovenips sto det ein 1000mL målekolbe og bloma. Jenta bak bordet skulle ha 15kr for den nydelege vasen/litermålet/vinkaraffelen/drinkmikseren, så eg slo til.



Eg har omlag 45stp i kjemi, så eg har god kjennskap til dette hjelpemiddelet. Den kan jo brukast til kvardagslege ting, så eg ser den som ganske nytting.

Håpa den var rein, for no har eg nettopp brukt målekolben til å vatna alle spirande frøa eg har i vinduskarmen. Enten så har tidligare eigar vaska den godt, eller så dør spirene snart. Kanskje eg får uventa effekt og dei blir manipulert med spennande eigenskapar. Rosa agurk, monstertomat, eller miniblomkarse? Dette blir spennande.

fredag 23. april 2010

Nytt golv

Eg tapte.. eller me vart enige om å legga nytt golv. Mest fordi eg innsåg kor lang tid det vil ta å slipa, olja, og slipa det litt til.

Me vil ha kjøkken nuh!

torsdag 22. april 2010

Når ein vente på kjøkken.

Kan ein drømma seg vekk med det her..


Mange spør oss om korleis me klara oss uten kjøkken. Svaret er enkelt: Me har mikro, kjøleskap i stova, vasskokar, brødristar og stormkjøkken.

Her er eit eksempel på stormkjøkkenmat:


Fullkornsspagetti med saus av tomat, skinke, purre og parmesan.

Å koka fersk pasta på stormkjøkken er supert. Då laga ein berre sausen fyrst, og koka opp vatn på vannkokar. Så får ein pastaen på kok og den tar det jo nullkommaniks med tid. Blanda alt i ei gryta og parmesan på toppen.


Middag!

Å oppdra ein mann...

..funka dårleg:

tirsdag 20. april 2010

Å finna igjen eit golv.

1. Golvbelegg.



2. Papp.



3. Belegg II. Ana ikkje kva det er lagt av, men strie under med plast på toppen. Såpeglatt og grusomt.

Her har kjøleskapet stått. Fukt heilt gjennom, og det svarte er nok mygl. Fysj.

Fjerde lag: Papp II




Og endeleg under all forferdelsen: Eit tregolv! Det siste laget med papp satt forferdelig godt fast. Eg måtte bruka varmt vatn for å bløyta opp, for så å skrapa vekk. Det er alltid eit skikkeleg kliss.



Me, eller eg, skal slipa golvet. Men no vurdera me å kjøpa billig plank, spikra ned, pussa lett og olja. Det blir jo det samme. Eller eg kan mala golvet kvitt.

Så kor fint det kan bli:





Eller eit sånt...


Me er i tankeboksen.

mandag 19. april 2010

Loppisfunn :)

Sidan eg skreiv så mykje om loppisdraumane mine her forrige helg så må eg jo oppdatera dykk på kva eg faktisk kjøpte.

Fyrste loppemarkedet fann eg porslen med roser og gull. Dette serviset hadde Bestemor, så det bringe litt minner.


Ellers så sneik det med seg ei super piknikkorg. Den er stor nok til å romma godt med mat, vin og teppe. Eg gler meg sånn til det blir sommar og varmt nok til å ha piknik i Leaparken.


Sjølvsagt kom det med ei bok og. Ikkje ringare enn Husmorboka. I den står det ganske masse nyttig, og finurleg.

Nokon fine sitat:

 "Pipene bør være feid før vi begynner med hovedrengjøringen" 

"Bør en gift kvinne ha arbeid utenfor hjemmet?". Dette spørsmålet blir sjølvsagt drøfta fram og tilbake nokre gongar. Men det som går igjen kan seiast slik:

"Hvis økonomien tilater det , er det som regel best både for barna  og for hele familiens trivsel om moren tar seg av hjemmet".

Når det står "hele familiens trivsel" kan ein jo få dårleg samvittighet av mindre.

Av det som nyttig i boka så blir alt avarbeid sjølvsagt nøye beskrive. Alt frå stryking til god husmoretikette, korleis ein skal rensa hatten og korleis ein skal rulla klær. Det har plutselig gått opp for meg kor utruleg dårleg me er på husarbeid.

Men eg fann eit tips eg ikkje vil bruka. Uansett kor mykje det frista:

"Fei og puss ovnen, til det er det godt å ha støvsuger"


Pusen har funne seg ei ny fin seng. kva er vel bedre enn ein Bosch-koffert?!

Sorry!

Men eg brukte opp kveldstida på Himmelblå og fekk ikkje tid til å blogga i kveld. Kjem sterkare tilbake i morgon.

Natta :)

søndag 18. april 2010

Fin

Når det ein gong blir bryllup her hjå oss så vil eg ha ei kaka som dette her..

Sommarsko

 Det er viktig å nyta kjensla av årets fyrste tur med nye lette sommarsko.

for plutseleg er det regn ispedd litt åska og hagl som kjem.

tirsdag 13. april 2010

Gebursdag!

T den Tøffe fylle i dag! HurraHurra!

Me slenge på ein flott sang og håpa gebursdagsbadne fekk alt han måtta ønska seg!


(Ein tru kopi av sangen var førøvrig framført av undertegna rett etter 00.00 i natt)

Zuss og Klemz J




mandag 12. april 2010

Fin butikk

Fin butikk med fine ting.


 
Eg sneik meg ein liten tur innom på butikken, men for berre å sjå ikkje sant?  Vips så hadde eg kjøpt eit par koppa. Om det var så smart? Hmm.. kanskje ikkje. Men dei heite Fika cups og eg kunne ikkje la vera. Fika er jo det mest koselege ordet i verden, om enn høgt på topp ti lista sammen med blome, og vaffel.



Eg er faktisk litt overraska, no har over 300 vore innom bloggen. Men legg igjen eit ord eller to, det er kjekt.

søndag 11. april 2010

Nydeleg helg!

No lura de sikkert på kor mykje me ha fått gjort. Men då kan eg jo fortella at me har ikkje gjort ein dritt for å sei det fint. Niks, nada, nothing! Ingenting. Istaden har me nytt sola, sykla ned til sentrum, drukka kaffi på kafe, spist is, spassert i byen, vore på loppis og brukt litt for mange penga på sportskle. Perfekt helg!

Me starta med blanke ark og friskt mot mandag.

lørdag 10. april 2010

Loppis!

"Alle" blogga med respekt for seg sjølv skriv om diverse loppisfunn. Mine funn er ikkje så mange, eg kjem som oftast heim at med ei bok eller to. Men håpet er stort. Derfor skal eg sei litt om loppisdraumane mine. Eg er nemleg klar, i morgon er det loppemarked på Slettebakken skole! Thjohei!

Me må jo ha ein plan:

Klokka ni, utafor døra, fem på helst. Hjelm, tannbeskyttar, handskar og munnbinn.

Såh: loppisdramane:


1. Meir av det superfine Brunette frå Stavangerflint. Tenk om eg hadde funne det i blått...


Bilde har eg snike frå denne bloggen her.

2. Ein Bumling. Den største. Helst. Kjem sikkert til å finna ein. Heilt. Sikkert


henta frå her

3. Tynneporselenskoppa med rosemønster og gull (noko må eg  jo ha å fylla det fine dekketøyskapet frå 50-tallet med).




Kle finn eg aldri på loppis, det er eg for kresen til.

Det er nok av folk før meg i køen som også veit kva dei vil ha. Eg kjem nok sikkert heim med fleire bøker, og sikkert utan brunetten i blått.

Dette vart eit innlegg utan det store om oppussing,  men det kjem meir i morgo. Då skal me avdekka golvet og sjå om det kan brukast.

torsdag 8. april 2010

Post-påske.

Fordi påska vart aktivisert med tannverk så vart ikkje påskeegget mitt fylt med snop. Som erstatning fekk eg ein kopp:


Stor kopp frå Iittala med plass til masse te, vatn, juice, saft eller kaffi med melk.

Men det artigaste er jo at no er all påskesnop til halv pris. Pluss at eg kjenne at kroppen så smått kvikne til igjen.

For å spe på med meir positivitet kan de jo høyra på denne fine sangen.




Ha ein fin dag!

tirsdag 6. april 2010

Tannpine og malemale.

Eg har hatt tannverk HEILE påska. Grunnen til tannverken er eit lite kirurgisk inngrep.. Eg skulle ha fjerna ei tannrot som står igjen etter ein mislykka forsøk ein gong for to år sidan. Tilfeldig fekk eg time på Åse sjukehus, sånn to år etter at eg avbestilte forrige time (!) Hurra for effektiviteten ved Åse sjukehus..

Så no tok eg motet og kontakta HUS slik at eg fekk fjerna den her i Bergen.

Av alle ting fekk eg left-over-time hos Kjevekirurgen på Haukeland tirsdagen i påska! Så då fekk eg fjerna litt ei tannrota. Dei klarte ikkje ta alt denne gangen heller og neste gang blir det narkose..

Med godt mot vakna eg onsdag og kjente ingenting. Alt såg lyst ut og eg stakk på jobb. Så vakna eg torsdag og kjente litt murring og putta på litt ekstra Ibux for å gjera alt bra igjen. Men i helga vart det så vondt at eg vakna om natta og måtte ta ekstra piller for å få sova, etter å ha spist ei pakke med Ibux 600mg og nesten ei heil pakke med PinexForte så vart eg bekymra.

2.påskedag var eg eit lite besøk på tannlegevakta og fekk skylt ut. Det er litt bedre men om natta vart det vondt igjen. I dag stakk eg oppom kjevekirurgen for å sjekka kva som egentlig var galt. Dei såg litt og kjente litt, og det er ein tapp som er tann over tannkjøttet som gjev smerten. Dei gav meg meir Ampicillin og gav meg ny time om ei veka. No vurdera dei narkoseinngrepet ganske kjapt. Ulp!


Eg må tilføra at tannlegane har vore kjempesnille! Eg får klump i halsen berre eg tenke på det, og med min tannlegeskrekk har det blitt nokre tårer på benken desse dagane.

På kjevekirurgen så har dei faktisk denne pondusstripa inne på røntgenrommet..



Ellers så har me faktisk kome litt lenger på oppussinga. Trikset er å ta ein stor ibux pluss ein liten paracet. Sove ein time for så å mala til det gjer vondt igjen. Så kjøkkenet er ferdigmalt! No er det sliping av golv som er neste :) Ja eg vann! Eller me skal sjå an kvaliteten på slipinga mi fyrst...

lørdag 3. april 2010

Gardintrapp

Sjølvsagt har me gardintrapp! Vår er kjøpt på Biltema for ein billig penge. Den har tre trinn og eit "brett" på toppen (bretter er flittig brukt som eit trinn). På kvart av trinna ser de nokre lekre blå plastdetaljar. Dette gjer ho jo endå meir spennande som eit desigprodukt.


Etter eit kjapt søk på netter etter gardintrapp fekk eg opp ein artikkel som fortel at ein vil forby gardintrapp. Den er rett og slett livsfarleg. Her kan eg nevna brudd på skallen, knekte ribbein og knekte arma. Tilogmed uføre har ho påført ein stakkas sjel

http://www.dagsavisen.no/innenriks/article266650.ece

Ei gardintrapp er ikkje til å stola på. Når ein minst anar det blir ho plutseleg ustabil og ein kan detta ned. Som oftast er avstanden til det ein skal ha tak i for lang. Som ganske kort person merka er det å ha 2,60 under taket litt upraktisk. Vår gardintrapp blir fort litt for lav, og ved pussing av tak er dette berre kjipt. Dette har medført litt strekking og klatring langt over anbefalt aktivitet. Tanken har slått meg, eg kan detta ned.

Visst nok skal stilas vera eit praktisk alternativ. Dette gidd me ikkje då pussing av tak forhåpentligvis er unnagjort i morgon. Så blir det maling av kjøkken vidare.

Her kjem det snart ein kjøkenvask!



Me er uenige om golvet. T vil helst legga eit praktisk , kjapt og lettvint laminatgolv, dette tar nokre timar og me kan starta på kjøkkenmonteringa med ein gong. Eg vil heller ta vekk alt det gamle og slipa ned tregolvet som ligg under. Min drøm er eit lyst tregolv til det svarte kjøkkenet. I går såg eg eit lite håp for slipt tregolv.

Dette innlegget skulle egentlig vore publisert i går, men nettet makka seg så då kom det i dag.