mandag 20. september 2010

Tapetdilla

Eg er glad i tapet. Helst med litt mønster. Men ikkje for prangande.

Det er koselig med tapet, spesielt på skråtak over senga hjå mormor. Ein søv best der.

Før var dei flinkare med tapet, på 60-tallet sjølvsagt. Alt skulle tapetiserast, og helst med  fine fargar og store mønster.

No er me dårlegare på tapet.

Helst kun ein vegg og der bak senga eller sofaen. Eller berre som ei brytning  mot alt det kvite me likar så  godt.

Kva skjedde egentlig med å tapetisera innsida av skapet? Eller ventilen? Her i Falsens vei var det gode eksempel på tapeten si storhetstid. Desverre er det meste stappa i ein svart sekk. Litt trist egentlig.

Eg har funne ein tapetbutikk på nettet som kalla seg Wallpaper from the 70's.

Her kjem nokre favorittar.





Denne her er også fin...

.. men litt mørk.

Eller kva med papegøyer?


 Nice.

Det er stova som er tanken her. Mest vil eg ha ein i grått og sølv. Tapetprøvar er bestilt. Eg er spent.

Ps:  Me rundar plutseleg 1400 i besøkte. Ganske utruleg for eg er jo ganske slapp på blogginga. *knis* Fint folkens:)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar