tirsdag 30. november 2010

Hei! Her er eg igjen!

I dag er det nesten to månadar sidan sist innlegg. Eg må berre beklaga at det har gått så lenge sidan sist innlegg. Det har ikkje vore ork til å blogga i det heile.

For å oppsummera litt så har dette har skjedd sidan sist:

- Stova er nesten ferdig, kun bittebittesmå ting igjen som lister og gardiner (tell ikkje).

- Gammal sofa er gitt vekk, ny sofa har flytta inn! Lykke i heimen!

- Gjesterommet er snart klar for gjestar. Dette rommar har skapa mykje bry.  For det fyrste så ramla all sparkelen ned frå taket. Eg trudde eg skulle begynna å grina.  Så sprakk sparklen av veggane. Den poppa liksom ut av veggen. Eg trur det er bittesmå resta frå den gamle tapetlimen, som ikkje me har vore nøye med å fjerna. Men har me sparkla taket for siste gang, hatt tapet på veggane og golvet skal snart malast. Det er lys i tunnelen.

- Konsert og slækking i Oslo.

- Syklubb i stova x2  ja det er morro å ha med folk heim. Kjekke folk på besøk, og eg får baka kake. Fint!

- Fine naboar har flytta inn. Jippi!

Ellers så har me..

...mista motet.  Ikkje sett lyset. Krangla. Furta. Kjefta. Banna. Funne motet tilbake. Smilt. Malt den andre på nasa. Støvsugd. Kost med pusen. Kasta boss. Prøvd alle stolane på Ikea. Drukke litervis med te. Fyrt i kaminen og krypt under varmt teppe.

Det er egentlig ganske fint å få ei leilighet som blir meir og meir ferdig for kvar dag.

....ein litt tørr ein på seine kvelden:

Uhell i spel, hell i kopter.