søndag 28. mars 2010

Honningkrise!

Det er biekrise i verden! Forskaran veit ikkje kva som skjer, men biene stikk av frå kubene og dør. Kanskje dei vil sei oss noko? Er enden nær?

http://en.wikipedia.org/wiki/Colony_collapse_disorder

tirsdag 23. mars 2010

Bad!

Her kjem endeleg nokre bilder frå badet:

Me starta med eit flott "før"- bilde. Som de ser hadde tidligare eigar ein ting for rosa fliser. Lekkert.


Men no har me gjort oss nesten ferdige med badet så her kjem nokre skrytebilder av herligheten:



Baderomsinnredning frå Kvikk. Kan fortella meir om den etterpå.


Fint toalett med sånn toalettsete som fell sakte ned.


Dusjen.


Litt meir av dusjen. Som de ser så har me ikkje fått malt taket endå, og da mangla lister. Men både maling og lister er klare til å setta  opp. Me skal faktisk prøva å lima på listene. Spennande.

Plasten til høgre er T sitt prosjekt for å hindra at byggskummet skulle havna over heile golvet. Smart kar egentlig.

Eg var den fyrste heldige som fekk prøva dusjen i dag. Etter litt slossing og luring på korleis vidunderet virka endte eg opp med å dusja med begge dusjhovuda i gang. Altså med vatn frå begge. I desse vannsparetider så var vel det lite solidarisk, så dette beklaga eg. Deilig var det vertfall.

Om nokon lura så har me fliser frå Right Price Tiles (?). Svarte marmorfliser på golvet, og bølga kvite på veggen.

Som nevnt er innredninga frå Kvik. Den vart ganske fin etter me fekk sett den opp. Men etter god gammaldags ikea-stil sitt me igjen med ei ekstra benkeplate, ei svær bakplate som ikkje passa noko og to planker me ikkje veit kor skal. Pluss eit fint antall skruer i diverse lengder. Heia Kvik sei eg berre.

Men no kryp eg inn i senga med hagebok frå hagehelten min Tor Smaaland. Boka heite forresten Vondt i hagen. Hihi.

søndag 21. mars 2010

Oppussingsbilde

Me starta med eit bilde frå det lekre gjesterommet vårt. Tapeten er faktisk ganske sjarmerande, og det hadde vore artig å behalda litt av den. Desverre så er den slitt og falma. Det blir nok til at me tar den ned og mala gjesterommet.



Neste bilde er frå kjøkkenet. Fytti for ein grell grønnfarge! No har eg grunna det kvitt sånn at heile kjøkkenet har fått samme farge, då tidlegare eigar kun har malt rundt skapa. Litt lettare å sjå kor me må sparkla/pussa når alt har samme farge.



Her ser me T som grunna soverommet vårt. Tenk dette var før me flytta inn. Det virka som ein evighet, men det er jo kun tre veker sidan. Oppe med taket over døra ser de restar etter den grusome tapeten som me sleit med å fjerna.. grøss

.

Inspirasjon for å halda motet oppe. Tapetprøve altso.



Tadah! Sånn ser soverommet ut no. Det virka trangt, men det er det ikkje. Skal nok få tatt eit bedre bilde når lister, gardin og skyvedørene er kome på plass. No er me mest glad for å ha ein plass me kan sova.



I mårgon kan eg legga ut bilder av badet. Det er nesten ferdig. Mangla kun lister og maling i taket. Dvs at me har både varmt og kaldt vatn, speil og do. Me tør ikkje bruka dusjen heilt endå, då det er litt kjipt med vannskade før badet er 100% ferdig.

Pus

Pus har vore nevnt før her i bloggen, men det skada vel ikkje å fortella meir om denne underlege skapingen. Eigen vilje er det ikkje mangel på, og me gjer ikkje saken bedre ved skjemme ho skikkelig bort. Ho veit når ho vil ut, eller berre ha oppmerksamhet. Dette kan godt vera halv fem på natta, eller tre for den saks skuld. Då er me ikkje så glad i ho som me vanlegvis er.





Heldigvis trivst ho godt her oppe i Falsens vei, det glede jo matmors sitt hjerta stort. Ho lika alle vindauga, og at ho har kort veg ut i den store verda.



Bilda som er lagt til, er som de ser, tatt av Pusefrøkna der ho har lagt sin elsk på krokusane. Krokusane er naturlegvis gått av med døden.



Heldigvis er dei ikkje giftige, og pus har ikkje tatt noko skade av dei så vidt me veit.


At fjernkontrollen kom med på bilda var bittelitt urutinert.. hihi

torsdag 18. mars 2010

Om ein berre hadde hatt..

kjøkken... så sku ein ha baka massevis med boller og hatt besøk av alle dei gode og fine folka

komfyr.. så skulle ein laga spennande middag og drukke rødvin heile kvelden

steikovn.. laga muffins, brownies, verdens beste lasagne.. eller brød.

go'sofa.. spist smågodt i armkroken til tøffe T og slumra seg gjennom fredagskvelden

gjesterom.. så kunne alle som vil overnatta og ete lang frukost med god prat til fin bakgrunnsmusikk.

tv.. (tålte ikkje flyttinga)

sykkel.. (forsvann samme dag som polakkane bytta døra i sv.vika.. mystisk) så skulle ein ha sykla på jobb og fått meir ut av dagen..

Men me jobba med saken. Store ting skjer, i morgon får me lys på badet. Dusj og vask i heimen. Det blir luksus!

tirsdag 16. mars 2010

Pussestøv

I dag gjekk eg ein heil time på ikea med pussestøv i augebryna. Dette fann eg ikkje ut før eg såg meg sjølv i eit speil i baderomsavdelinga. Ganske teit å sjå seg sjølv med grå augebryn., eg følte meg ganske teit og.

Ellers så har me fått oss do, fliser og dør på badet (HURRA). Til helga har me kanskje fått innlagt vatn, dusj og lys! Det er kjekt å sjå at ting skjer.

I morgo skal me mala kjøkkenet for å sjå kor mykje me må sparkla. No står kjøkkenet flatpakka i stova, klar til montering så snart golvet er lagt. Kanskje i starten på neste veka.

Den som hadde hatt innlagt vatn og komfyr! Luksus.

tirsdag 2. mars 2010