torsdag 23. september 2010

Tapet. Igjen.

Det blir denne her:



Så trur eg me må mala det store eikeskapet lyst.

Det blir nok fint.

mandag 20. september 2010

Tapetdilla

Eg er glad i tapet. Helst med litt mønster. Men ikkje for prangande.

Det er koselig med tapet, spesielt på skråtak over senga hjå mormor. Ein søv best der.

Før var dei flinkare med tapet, på 60-tallet sjølvsagt. Alt skulle tapetiserast, og helst med  fine fargar og store mønster.

No er me dårlegare på tapet.

Helst kun ein vegg og der bak senga eller sofaen. Eller berre som ei brytning  mot alt det kvite me likar så  godt.

Kva skjedde egentlig med å tapetisera innsida av skapet? Eller ventilen? Her i Falsens vei var det gode eksempel på tapeten si storhetstid. Desverre er det meste stappa i ein svart sekk. Litt trist egentlig.

Eg har funne ein tapetbutikk på nettet som kalla seg Wallpaper from the 70's.

Her kjem nokre favorittar.





Denne her er også fin...

.. men litt mørk.

Eller kva med papegøyer?


 Nice.

Det er stova som er tanken her. Mest vil eg ha ein i grått og sølv. Tapetprøvar er bestilt. Eg er spent.

Ps:  Me rundar plutseleg 1400 i besøkte. Ganske utruleg for eg er jo ganske slapp på blogginga. *knis* Fint folkens:)

søndag 19. september 2010

Sofa og deadline.

Eg har jo heilt glømt å sei at me har bestilt sofa! Nyheten har jo blitt lufta på fb og jobben, men ikkje her. Me bestemte oss for Seville frå Bolia, i multi grey. Ein lys grå farge som eg trur går til det meste.



Denne her modellen.


I denne fargen.
Eg likar løysinga med to bord, eit rundt og eit firkanta. Kankje blir det noko sånt. Men mest vil eg finna eit lite teakbord på loppis. 


Sofaen blir levert den 13. oktober. Kor smart er det? Det er jo mindre enn fire veker til, tre helger, og litt for mange arbeidsdagar til. Me har jo ikkje starta på stova ein gong..



Bilda er henta frå Bolia.


Støv på hjernen.

Her skjer det ting! Me har fått dusjdører på badet (flinke T), og gjesterommet er fritt for tapet, slipt og grovsparkla. I morgon er det ny sliping, og vertfall to lag med sparkel før maling. Sliping er noko herk. Eg gler meg til me kjem så langt at me kan mala. Alt dette støvet gjer meg gal.



Grey is the new black.


søndag 12. september 2010

Tapetfjernetips!

Her går da strålandes. Me er igang med gjesterommet og all den fine tapet er flekt ned frå veggen (litt trist egentlig for den var jo ganske fin). Etter den traumatiske tapeten som vart fjerna frå soverommet, har me drøyd gjesterommet. Men eg fann løysinga. Ein tapetfjernar frå Clas Ohlson! Den er heilt fantastisk og eg har faktisk gløymt litt kor fælt me sleit med soverommet.




Den stime vatn og varma opp tapeten, tapeten er berre å skrapa vekk. Sjølvsagt blir det litt gris sidan forrige eigar var raus med gips/sparkel under. Men det kan tolererast når tapeten faktisk løsna lett.


Stilen er ikkje som han på bildet, og blir heller ikkje utført av det mannlege kjønn (typisk). Den vasstanken er ganske tung så den står sjølvsagt på golvet. Og trikset er å ha den stimefirkanten på ein plass mens ein skrape ein anna plass samtidig. Effektivt rett og slett.

Sidan me er komt så godt i gang er ambisjonane store. Gjesterommet er muligens klart for maling til helga.

Og stova er neste.

Så dagens tips er: kjøp ein tapetfjernar frå Clasen, den kosta 3 lappa og er vert kvar lapp.




tirsdag 7. september 2010

Avhengig.

Det er krise. Stavmiksaren forsvann under flyttinga. Den har rømt sammen med tesilen og dørslaget. Kven veit kva dei har til felles. Han har stukke av frå heile familien sin for både hakkedelen og alle plastdingsane ligg at. Det er sjela som har reist rett og slett. Eg har drøyd med å kjøpa ny, for vanlegvis ligg den på lur ein smart plass og kjem fram når den nye er kjøpt. Men no orka eg ikkje lenger. Eg har har så lyst på smuti og potetsuppa at det gjer vondt.

 Så braum, bosch eller bamix?