lørdag 10. april 2010

Loppis!

"Alle" blogga med respekt for seg sjølv skriv om diverse loppisfunn. Mine funn er ikkje så mange, eg kjem som oftast heim at med ei bok eller to. Men håpet er stort. Derfor skal eg sei litt om loppisdraumane mine. Eg er nemleg klar, i morgon er det loppemarked på Slettebakken skole! Thjohei!

Me må jo ha ein plan:

Klokka ni, utafor døra, fem på helst. Hjelm, tannbeskyttar, handskar og munnbinn.

Såh: loppisdramane:


1. Meir av det superfine Brunette frå Stavangerflint. Tenk om eg hadde funne det i blått...


Bilde har eg snike frå denne bloggen her.

2. Ein Bumling. Den største. Helst. Kjem sikkert til å finna ein. Heilt. Sikkert


henta frå her

3. Tynneporselenskoppa med rosemønster og gull (noko må eg  jo ha å fylla det fine dekketøyskapet frå 50-tallet med).




Kle finn eg aldri på loppis, det er eg for kresen til.

Det er nok av folk før meg i køen som også veit kva dei vil ha. Eg kjem nok sikkert heim med fleire bøker, og sikkert utan brunetten i blått.

Dette vart eit innlegg utan det store om oppussing,  men det kjem meir i morgo. Då skal me avdekka golvet og sjå om det kan brukast.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar