søndag 25. april 2010

Eit litermål for kjeminørden

Onsdag tikka det inn ei melding frå søskenbarnet mitt som sa det her:

"Vil du være med på loppis i helgen? Det er et på Minde visstnok"

Sjølvsagt ville eg det! Eg kan jo ikkje sei nei til noko sånt. Og når ein itillegg får litt kvalitetstid saman med fine S. Det er jo supert.

Såh, kva fann me?  Ingenting egentlig, det var ganske masse folk og litt for kaotisk. Me hadde egentlig tenkt til å gå då eg tok ein runde til i lokalet.

Midt på bordet blandt vasar, stettglas og anna stovenips sto det ein 1000mL målekolbe og bloma. Jenta bak bordet skulle ha 15kr for den nydelege vasen/litermålet/vinkaraffelen/drinkmikseren, så eg slo til.



Eg har omlag 45stp i kjemi, så eg har god kjennskap til dette hjelpemiddelet. Den kan jo brukast til kvardagslege ting, så eg ser den som ganske nytting.

Håpa den var rein, for no har eg nettopp brukt målekolben til å vatna alle spirande frøa eg har i vinduskarmen. Enten så har tidligare eigar vaska den godt, eller så dør spirene snart. Kanskje eg får uventa effekt og dei blir manipulert med spennande eigenskapar. Rosa agurk, monstertomat, eller miniblomkarse? Dette blir spennande.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar