onsdag 10. februar 2010

HURRA! T HAR FÅTT JOBB!!

Som overskrifta skrik, så har T fått jobb. Endeleg! Han har vore utruleg flink, gått på intervju, sendt søknad, ringt og grubla. Og no vart det napp. Fyren skal programmera for BIR. Som han sei sjølv; Sharepoint-konsulent. Mamma har hatt ein finger med i spelet, og har dagleg sendt fine tankar opp til Han på skya.

Oppussing:

Det går sakte! Leiligheta ser ikkje ut og den er vertfall ikkje bebueleg. I dag er det 18 dagar til me skal flytta inn, eg gjentek; ATTEN... atten.. Skrekk og gru! Februar går jo dobbelt så for som andre månader, og spesielt fort no når me har dårleg tid. Så lenge me har do går det greit.

I dag har me vore på Ikea. Ikkje heilt etter planen egentlig, men me enda no opp der i dag. Det blir kjøkken frå Ikea. Me har mest lyst på Nexus, svartbeisa. Kvite fliser på veggen og god belysning. Lys benkeplate og lyst golv. Eg trur det blir bra. Ikkje minst så er me begge enige om at det er dette kjøkkenet me vil ha. I starten hadde eg lyst på kvit høgglans, mens T hadde lyst på kvitt med profilerte fronter. Så då enda me opp med svart (?).

Det blir samme på badet, og i gangen har eg lyst på svarte The dots. Det er gjennomgåande svartmalt tre, men ikkje som i veldig dominarande.

Men fyrst skal me fjerna mange kvadrat med tapet. Så om nokon har gode tips så tek me imot med opna armar. Og ikkje minst om nokon vil hjelpa til.

Husk; eg har dobbelt vaffeljern, og er ikkje red for å bruka det. ;)

Eg skal prøva å få tatt litt bilder av ragnarokken så de får sjå kor fint me har det.

1 kommentar:

  1. Eg sitt her og flire for meg sjøl mens eg les bloggen din- du skriv så gøy! Artig for oss bygdeknøla å følga med på kor langt de e komme i prosessen :) Da e vel skikkelig innspurt denna helge så da e nåke lunde levelig å flytta inn? E da ein dag du har oppussingsfri neste veka? Eg og Mari e ensome og forlatte av mannen, og vurdere sterkt å ta ein bytur..hadde vå koselig å tatt ein kopp eller to med deg :)

    PS: Grattis te T med jobb- endelig!!

    SvarSlett