lørdag 27. februar 2010

Eit rom ferdig... altfor mange igjen. sLiTeN

At ein kan bli så sleten? No har me hatt over to veker med heftig oppussing, endå er det mykje meir igjen.

Gledelig kan eg meddela at soverommet er nesten ferdig. Me mangla kun dei berømte listene, så er det så bra som berre det. Ser ein vekk frå nokre utruleg stygge blemmer i veggfornyaren så har det blitt ganske fint. Bilder kjem, og eg har tatt masse mindre pene amatørbilder som eg for lengst sku ha vist. No er grunnen at kameraet rett og slett ligg på kaminen i Prosjektet.

I morgo skal me faktisk flytta inn... Skrekk og gru. Her er det snakk om at me flytta inn i eit støv-h#¤¤/&e utan do, dusj, vatn eller kjøkken. Vatn har me i vaskekjellaren, men det er kun kaldt. Planen er å dusja på jobb, gå mest mulig på do på jobb og kryssa fingrane og tær for at me ikkje får omgangsjuka. *Bank-i-bordet*

Men soverommet er ferdig, dog utan gardin. (og list)

Oppussingspengane er oppbrukt-- så kva gjer me då? Visa-gold kanskje? Huff.. Men me kan trøsta oss med at dei største utgiftene som kjøkken, bad og arbeid er betalt. Og me har 4000 i gavekort på Ikea. Hurra. Og lønna tikka inn på konto om nokre veker. Godt er det heldigvis.

Så kva har me gjort med soverommet?

Kjapp oppsummering:

-Fjerna all tapet.. med super hjelp frå Hå og Th :)(fy for eit slit)
-Rive vekk gamle skap.
-Bygd inn gammal dør til stua. (Kva er vitsen med dør frå soverommet til stua?)
-Grovspakel, finsparkel, pusse.
-To strøk på taket. Matt kvit.
-Grunna med maling.
-Lagt veggfornyar.. litt skuffa her, vart ein del bobler.
-Malt to strøk med Sens Refleksjon 10
-Tapet på ein vegg, Ferm Living, Family Tree. M-H var tapetmester:)
-Golv, Alloc laminat.. luta eik eller noko sånt.
-Stoooort gaderobeskap frå Ikea.
.
Puh.. og ja: bilder kjem.

Men eg må gå til angrep på soverommet, her skal det pakkast og kastast ein del.

T er den beste. Han kan det meste.

God kveld folkens

3 kommentarer:

  1. åå spennande! Gleda meg til å sjå bilde (ja eg gidd lesa bloggen;)) Lykke til vidare med å unngå sjuko og bli ferdig med heimen!:)

    SvarSlett
  2. Kjekt å høyra Siri:) Eg har sneke litt på bloggen din og

    SvarSlett