Published with Blogger-droid v1.5.8
fredag 10. desember 2010
tirsdag 30. november 2010
Hei! Her er eg igjen!
I dag er det nesten to månadar sidan sist innlegg. Eg må berre beklaga at det har gått så lenge sidan sist innlegg. Det har ikkje vore ork til å blogga i det heile.
For å oppsummera litt så har dette har skjedd sidan sist:
- Stova er nesten ferdig, kun bittebittesmå ting igjen som lister og gardiner (tell ikkje).
- Gammal sofa er gitt vekk, ny sofa har flytta inn! Lykke i heimen!
- Gjesterommet er snart klar for gjestar. Dette rommar har skapa mykje bry. For det fyrste så ramla all sparkelen ned frå taket. Eg trudde eg skulle begynna å grina. Så sprakk sparklen av veggane. Den poppa liksom ut av veggen. Eg trur det er bittesmå resta frå den gamle tapetlimen, som ikkje me har vore nøye med å fjerna. Men har me sparkla taket for siste gang, hatt tapet på veggane og golvet skal snart malast. Det er lys i tunnelen.
- Konsert og slækking i Oslo.
- Syklubb i stova x2 ja det er morro å ha med folk heim. Kjekke folk på besøk, og eg får baka kake. Fint!
- Fine naboar har flytta inn. Jippi!
Ellers så har me..
...mista motet. Ikkje sett lyset. Krangla. Furta. Kjefta. Banna. Funne motet tilbake. Smilt. Malt den andre på nasa. Støvsugd. Kost med pusen. Kasta boss. Prøvd alle stolane på Ikea. Drukke litervis med te. Fyrt i kaminen og krypt under varmt teppe.
Det er egentlig ganske fint å få ei leilighet som blir meir og meir ferdig for kvar dag.
....ein litt tørr ein på seine kvelden:
Uhell i spel, hell i kopter.

fredag 1. oktober 2010
Det er helg
Om de ikkje har fått det med dykk; det er altso helg. For oss betyr helg meir tid til samanhengande oppussing. Jippi.. not.
Kanskje kan me snika oss til eit kafebesøk, slappa av mens folk går forbi og kaffien er varm. Det er meldt regn i helga, så hausten kjem nok for fullt. Etter kva eg har hørt er det etterdønningar frå ein eller anna orkan ved navn Igor som kjem på besøk.
Det er egentlig lika greit at det er stygt ver, så slepp ein ha dårleg samvitighet for at ein er inne og pussar opp.
Det er det gjesterommet då. Heilsparkling + pussing = pussestøv.
Kan ein få gipslunge? Endar me opp med kols etter dette? Bekymringane snik seg på.
På gjesterommet har me fjerna tapet, pussa ein gong, grovsparkla, pussa, støvsugd, heilsparkla, pussa, sparkla igjen. Og no ser eg at visse plassa ikkje blir så bra. Irriterande.
Mitt forslag er å kjøpa IKEA sin Maskros, i liten storleik. Slik får me fine skuggar på veggane og i taket, då kjem ingen til å sjå at sparklinga er ikkje er perfekt.
Eg vil avslutta med eit lurespørsmål frå T etter at han har skrapa og sparkla taket for n'te gong:
"Kor mykje skjula malinga egentlig?"

torsdag 23. september 2010
mandag 20. september 2010
Tapetdilla
Eg er glad i tapet. Helst med litt mønster. Men ikkje for prangande.
Det er koselig med tapet, spesielt på skråtak over senga hjå mormor. Ein søv best der.
Før var dei flinkare med tapet, på 60-tallet sjølvsagt. Alt skulle tapetiserast, og helst med fine fargar og store mønster.
No er me dårlegare på tapet.
Helst kun ein vegg og der bak senga eller sofaen. Eller berre som ei brytning mot alt det kvite me likar så godt.
Kva skjedde egentlig med å tapetisera innsida av skapet? Eller ventilen? Her i Falsens vei var det gode eksempel på tapeten si storhetstid. Desverre er det meste stappa i ein svart sekk. Litt trist egentlig.
Eg har funne ein tapetbutikk på nettet som kalla seg Wallpaper from the 70's.
Her kjem nokre favorittar.

Denne her er også fin...
.. men litt mørk.
Eller kva med papegøyer?
Nice.
Det er stova som er tanken her. Mest vil eg ha ein i grått og sølv. Tapetprøvar er bestilt. Eg er spent.
Ps: Me rundar plutseleg 1400 i besøkte. Ganske utruleg for eg er jo ganske slapp på blogginga. *knis* Fint folkens:)

Abonner på:
Innlegg (Atom)