onsdag 18. august 2010

Kjøkken !

Det er vanskeleg å ta bilder av eit kjøkken på knappe 10 kvm og utan spesielt stor vidvinkel. Skulle hatt eit slikt meglerkamera som klara å få alt med på bilda.

Men eg har gjort eit lite forsøk.


Koketoppen: den er induksjon (!). Det heilt fantastisk, ante ikkje kor kjapp den var før me fekk den.

Frå ein anna vikel. Me skal legga flis over benkeplata. Holet skal dekkast..

Eit eige skap for te og kaffi. ;)


Knivskuff. Det må ein jo ha.








Skap med ovn, legg merke til døra. Den er sikkert frå då leiligheta var ny, fin dør med vindauga i. Den skal me sjølvsagt behalda. Døra er kun 68cm brei, men heldigvis fekk me alle kvitevarene inn.

Kildesortering! Det fungera ikkje heilt då skuffa er lita og slangen bak kjem litt inn. Men plast og restavfall går greit, og  papir samla me ein annan plass.

Me er ganske nøgde med kjøkkenet. Det vart ikkje så mørkt som me hadde frykta. Når flisene kjem opp og vindauga blir malt så trur eg det blir ein større heilhet.

Ein anna ting er at benkeplata har begynt å bule... allerede!! Me har snakka med IKEA og skal senda mail med bilder til Benkeplateavdelinga. Det er kjedelig det...

2 kommentarer:

  1. SÅ fint kjøkken! og kjøkkenmaskino kom so klart til sin rett dar! Håpa de får benkeplata på stell,grusomt kjedelig!

    SvarSlett
  2. Takk Siri:) Me er kjempenøgd me og!

    SvarSlett