tirsdag 17. august 2010

Hei sveis!

Ei lita oppdatering!
Det skjer egentlig ganske lite her hjå oss. Me har hatt oppussingsfri no i sommar. Gløden har liksom forsvunne litt no når me har fått på plass kjøkken og bad. Då blir det ikkje så farlig med resten. Det blir fort lett å tenka at me klara jo oss fint sånn som me har det. Men no burde me få igang hjula igjen. Det ser jo egentlig ikkje ut her heller. Så no burde ting begynna å skje igjen. Om ein går på besøk til folk så ser ein plutseleg kor rotete og stygt det er her. Me  går jo opp i alt hele tida, og blir litt blind for tinga si tilstand.
 
Eg slenge inn litt bilder (dei er tatt med mobilen for eg har rota vekk usb-kabelen til kamera):
 
Badet (det har de jo sett før, men me er jo som sagt nøgd med det): Og no har eg kjøpt nytt bosspann som de kan skimta i bakgrunnen:
 

Her ser de skohylla vår, eller skokaoset. Ispedd litt ymse greier, me kan nevna vase, tennisball, støvsugar, liggeunderlag og paraply. Det ser ut som at det kun er mine sko som ligg der, men under mine ligg Trond sine. Han har faktisk fleire par enn meg, og er ganske godt representert.


For å komma tilbake i oppussingsmodus så har eg laga lista over tinga som gjenstår.



Det er berre å velga seg ut noko som ser kjekt ut, velkommen skal de vera.

Så den gamle lista som heng i gangen kan me kasta. Den over er jo mykje meir rydding og oversiktleg.

Den gamle var vel mest sjarmerande.

Så var det desse bildene av kjøkkenet som eg har lova så mange gongaR. På kameraet ligg dei, og ut får eg dei ikkje fordi kabelen er vekke. No er det litt rotete her så eg tør ikkje legga ut noko bilder der ikkje alt er strøkent. Haha.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar