søndag 12. september 2010

Tapetfjernetips!

Her går da strålandes. Me er igang med gjesterommet og all den fine tapet er flekt ned frå veggen (litt trist egentlig for den var jo ganske fin). Etter den traumatiske tapeten som vart fjerna frå soverommet, har me drøyd gjesterommet. Men eg fann løysinga. Ein tapetfjernar frå Clas Ohlson! Den er heilt fantastisk og eg har faktisk gløymt litt kor fælt me sleit med soverommet.




Den stime vatn og varma opp tapeten, tapeten er berre å skrapa vekk. Sjølvsagt blir det litt gris sidan forrige eigar var raus med gips/sparkel under. Men det kan tolererast når tapeten faktisk løsna lett.


Stilen er ikkje som han på bildet, og blir heller ikkje utført av det mannlege kjønn (typisk). Den vasstanken er ganske tung så den står sjølvsagt på golvet. Og trikset er å ha den stimefirkanten på ein plass mens ein skrape ein anna plass samtidig. Effektivt rett og slett.

Sidan me er komt så godt i gang er ambisjonane store. Gjesterommet er muligens klart for maling til helga.

Og stova er neste.

Så dagens tips er: kjøp ein tapetfjernar frå Clasen, den kosta 3 lappa og er vert kvar lapp.




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar