tirsdag 6. april 2010

Tannpine og malemale.

Eg har hatt tannverk HEILE påska. Grunnen til tannverken er eit lite kirurgisk inngrep.. Eg skulle ha fjerna ei tannrot som står igjen etter ein mislykka forsøk ein gong for to år sidan. Tilfeldig fekk eg time på Åse sjukehus, sånn to år etter at eg avbestilte forrige time (!) Hurra for effektiviteten ved Åse sjukehus..

Så no tok eg motet og kontakta HUS slik at eg fekk fjerna den her i Bergen.

Av alle ting fekk eg left-over-time hos Kjevekirurgen på Haukeland tirsdagen i påska! Så då fekk eg fjerna litt ei tannrota. Dei klarte ikkje ta alt denne gangen heller og neste gang blir det narkose..

Med godt mot vakna eg onsdag og kjente ingenting. Alt såg lyst ut og eg stakk på jobb. Så vakna eg torsdag og kjente litt murring og putta på litt ekstra Ibux for å gjera alt bra igjen. Men i helga vart det så vondt at eg vakna om natta og måtte ta ekstra piller for å få sova, etter å ha spist ei pakke med Ibux 600mg og nesten ei heil pakke med PinexForte så vart eg bekymra.

2.påskedag var eg eit lite besøk på tannlegevakta og fekk skylt ut. Det er litt bedre men om natta vart det vondt igjen. I dag stakk eg oppom kjevekirurgen for å sjekka kva som egentlig var galt. Dei såg litt og kjente litt, og det er ein tapp som er tann over tannkjøttet som gjev smerten. Dei gav meg meir Ampicillin og gav meg ny time om ei veka. No vurdera dei narkoseinngrepet ganske kjapt. Ulp!


Eg må tilføra at tannlegane har vore kjempesnille! Eg får klump i halsen berre eg tenke på det, og med min tannlegeskrekk har det blitt nokre tårer på benken desse dagane.

På kjevekirurgen så har dei faktisk denne pondusstripa inne på røntgenrommet..



Ellers så har me faktisk kome litt lenger på oppussinga. Trikset er å ta ein stor ibux pluss ein liten paracet. Sove ein time for så å mala til det gjer vondt igjen. Så kjøkkenet er ferdigmalt! No er det sliping av golv som er neste :) Ja eg vann! Eller me skal sjå an kvaliteten på slipinga mi fyrst...

1 kommentar: