mandag 19. april 2010

Loppisfunn :)

Sidan eg skreiv så mykje om loppisdraumane mine her forrige helg så må eg jo oppdatera dykk på kva eg faktisk kjøpte.

Fyrste loppemarkedet fann eg porslen med roser og gull. Dette serviset hadde Bestemor, så det bringe litt minner.


Ellers så sneik det med seg ei super piknikkorg. Den er stor nok til å romma godt med mat, vin og teppe. Eg gler meg sånn til det blir sommar og varmt nok til å ha piknik i Leaparken.


Sjølvsagt kom det med ei bok og. Ikkje ringare enn Husmorboka. I den står det ganske masse nyttig, og finurleg.

Nokon fine sitat:

 "Pipene bør være feid før vi begynner med hovedrengjøringen" 

"Bør en gift kvinne ha arbeid utenfor hjemmet?". Dette spørsmålet blir sjølvsagt drøfta fram og tilbake nokre gongar. Men det som går igjen kan seiast slik:

"Hvis økonomien tilater det , er det som regel best både for barna  og for hele familiens trivsel om moren tar seg av hjemmet".

Når det står "hele familiens trivsel" kan ein jo få dårleg samvittighet av mindre.

Av det som nyttig i boka så blir alt avarbeid sjølvsagt nøye beskrive. Alt frå stryking til god husmoretikette, korleis ein skal rensa hatten og korleis ein skal rulla klær. Det har plutselig gått opp for meg kor utruleg dårleg me er på husarbeid.

Men eg fann eit tips eg ikkje vil bruka. Uansett kor mykje det frista:

"Fei og puss ovnen, til det er det godt å ha støvsuger"


Pusen har funne seg ei ny fin seng. kva er vel bedre enn ein Bosch-koffert?!

2 kommentarer:

  1. Eg trur eg kunne trengt den dar boke... husmorevnena mine e mildt sagt dårlige! Mannen har trua med å senda meg på kurs fleire gonga... ;)

    SvarSlett
  2. Du kan få låna den, eg har lest den frå perm til perm. Om da virka trur eg ikkje, for eg tok alt med ei klypa salt og ironi.

    SvarSlett