lørdag 3. april 2010

Gardintrapp

Sjølvsagt har me gardintrapp! Vår er kjøpt på Biltema for ein billig penge. Den har tre trinn og eit "brett" på toppen (bretter er flittig brukt som eit trinn). På kvart av trinna ser de nokre lekre blå plastdetaljar. Dette gjer ho jo endå meir spennande som eit desigprodukt.


Etter eit kjapt søk på netter etter gardintrapp fekk eg opp ein artikkel som fortel at ein vil forby gardintrapp. Den er rett og slett livsfarleg. Her kan eg nevna brudd på skallen, knekte ribbein og knekte arma. Tilogmed uføre har ho påført ein stakkas sjel

http://www.dagsavisen.no/innenriks/article266650.ece

Ei gardintrapp er ikkje til å stola på. Når ein minst anar det blir ho plutseleg ustabil og ein kan detta ned. Som oftast er avstanden til det ein skal ha tak i for lang. Som ganske kort person merka er det å ha 2,60 under taket litt upraktisk. Vår gardintrapp blir fort litt for lav, og ved pussing av tak er dette berre kjipt. Dette har medført litt strekking og klatring langt over anbefalt aktivitet. Tanken har slått meg, eg kan detta ned.

Visst nok skal stilas vera eit praktisk alternativ. Dette gidd me ikkje då pussing av tak forhåpentligvis er unnagjort i morgon. Så blir det maling av kjøkken vidare.

Her kjem det snart ein kjøkenvask!



Me er uenige om golvet. T vil helst legga eit praktisk , kjapt og lettvint laminatgolv, dette tar nokre timar og me kan starta på kjøkkenmonteringa med ein gong. Eg vil heller ta vekk alt det gamle og slipa ned tregolvet som ligg under. Min drøm er eit lyst tregolv til det svarte kjøkkenet. I går såg eg eit lite håp for slipt tregolv.

Dette innlegget skulle egentlig vore publisert i går, men nettet makka seg så då kom det i dag.

1 kommentar:

  1. Åh, originale tregulv! <3 Du kan rett og slett ikke la mannen vinne i den avgjørelsen der altså! Dét kommer jeg hvertfall ikke til å finne i leiligheten min :P Men det er veldig praktisk at den i det minste har greie standardmål på det meste da ;)

    SvarSlett